Postdoktorstilling ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for kulturhistorie

Ved Avdeling for kulturhistorie ved Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei postdoktorstilling i arkeologi, etnologi, kunsthistorie eller sosialantropologi. Stillinga er for ein periode på tre år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Vi ønskjer originale og ambisiøse prosjektforslag innan kunsthistorie, sosialantropologi, etnologi eller arkeologi. Forslag som kryssar faggrenser og har eit nyskapande, komparativt eller tverrfagleg perspektiv er særleg velkomne.

I 2025 feira Universitetsmuseet i Bergen sitt 200-årsjubileum, samstundes som det kulturhistoriske museumsbygget er mellombels stengt for omfattande renovering. Som del av førebuingane til gjenopninga av museumsbygget, ynskjer Universitetsmuseet å styrkje fokuset på nye og kritiske perspektiv både på museumshistoria og på framtida til samlingane: den samfunnsmessige betyding, den potensielle rolla dei kan spele i utdanning og korleis samlingane kan inspirere til innovasjon. Vi oppmodar til prosjekt som utforskar korleis eit «gammalt» museum, og den kulturarven som det tek vare på, kan bidra til aktuelle debattar om identitet, kulturarv, migrasjon, kulturelle møte og berekraft. Tilnærmingar kan til dømes handle om samlingane sin koloniale arv, etikken i samlepraksisar eller refleksjonar rundt breiare spørsmål om kva eit «nytt museum» kan bety som institusjonell og kulturell innovasjon.

Vi søkjer ein kandidat med dokumentert erfaring innan kulturarvsstudiar og/eller museumsstudiar. Likeins må kandidaten ha interesse for korleis samlingar blir oppretta, presenterte, tolka og rekonstruerte i nye og innovative former, anten visuelt, digitalt eller interaktivt. Vi ønskjer velkomne prosjekt med teoretiske ambisjonar, enten dei er forankra i ein disiplinær tradisjon eller engasjerer seg i digital humaniora. Likeins prosjekt med samfunnsrelevans, originalitet og kreativitet når det gjeld å tenkje nytt om samlingars rolle i dagens verd.

Som postdoktor skal du ta ei aktiv del i pågåande strategiske diskusjonar om framtida til museet. Dessutan vil du få høve til å samarbeide på tvers av fagområde, til å bidra til fornying av museet sin arbeidsmåte , og til å synleggjera ein leiande institusjon innan kulturhistorie.

Søknadsfrist: 26. april 2026

Les mer her