Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i kulturvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Planlagd oppstart er 4. mai 2026, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.
Stipendiatstillinga er øyremerka eit ph.d.-prosjekt om naturkultur-relasjonar i musea, og skal bidra til å styrkje forsking, forskingskompetanse og samarbeid om FoU-oppgåver i musea.
Stillinga er lyst ut i samband med prosjektet NAMUS, som er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Musea i Sogn og Fjordane, Hardanger og Voss Museum og Museum Vest samt ei ekstern referansegruppe med leiande internasjonale ekspertar. Stipendiaten vil dermed bli ein del av ei tett samarbeidande forskingsgruppe som arbeider med museumsfaglege spørsmål i nær tilknyting til både universitetsmiljø og museumssektoren.
Stipendiaten vil få høve til å samarbeide med toppforskarar på feltet, delta på konferansar og seminar i inn- og utland og gjere eit større, samanhengande feltarbeid i utvalde institusjonar ved dei konsoliderte musea i Vestland fylke.
Søknadsfrist: 26. januar 2026